Telenor Xtra Volda FFO 2026/27

Telenor Xtra Volda FFO 2026/27

Nytt år og nye moglegheiter - eit år med fleire store endringar.

Heilt sida 2013 har vi i Volda Fotball haldt på med Telenor Xtra Volda FFO. Det har vore ei solskinnshistorie for oss og for mange barn og føresette. FFO`en i Volda har vore ei fotballfritidsordning som har høsta mykje skryt både lokalt i eigen krets, men og nasjonalt. Ikkje mindre enn 14 gongar har vi vore rundt og reist i Norge for å presenterer vår FFO og det vi har fått til og forhåpentligvis vore til stor inspirasjon for andre.

No går vi snart inn i eit nytt år og det blir for oss kanskje det mest spennande og litt fryktingytande året på lenge. Det er store endringar i den kommunale SFO ordninga og vi veit endå ikkje korleis dette slår ut på vår FFO. Vi gjer det vi kan for å være konkurransedyktige, men mest av alt har vårt fokus alltid vært å forsøke å gje eit så godt tilbod til føresette som mogleg og være eit supplement i kommuna til både born og vaksne.

LINK TIL PÅMELDINGSSKJEMA (ordinært tilbud)

Dei to endringane vi kjem med i 2026/27 er fylgjande:

Relansering av MORGON FFO.

Det vil frå komande skuleår være mogleg å melde på FFO også på morgonen. Dette gjeld for dei som er påmeldte FFO og som går på skulene Bratteberg eller Øyra. Vi har i utgangspunktet åpningstid 07:30 – 08:15 med transport til skulane slik at borna skal være trygt fremme og i rett tid til skulestart. Det vil og være mogleg om det skulle vere enkelte med behov for levering før 07:30 og då strekk vi oss til 07:00, men her blir det gjort særskilte avtaler slik at vi slepp å bruke ressursar unødig så tidleg på morgonen.

Kortdagsprosjektet 14:45-16:30.

Her snakkar vi ferskt tilbod, dette har vi aldri gjort før, men vi har trua på det. Då det eine tilbodet til kommuna er å kun tilby «12 timers gratis plass» utan morgon sfo og utan moglegheit for å bruke timane sine fritt, men heller fordeler dei gjennom heile veka så ser vi at mange kan ha behov for pass/støtte i tidsrommet 15:00-16:30. Derfor lanserar vi kortidsprosjektet som går frå 14:45-16:30. Då er planen at vi hentar borna på SFO/skuleplassen og transporterar dei til stadion. På stadion vil dei få eit aktivitetstilbod frå ca. 15:00-16:00 og ein stad å vere frå 16:00-16:30 før dei blir henta. Det blir ikkje noko matservering i dette tilbodet med unntak av fruktmåltidet som alle får på slutten av dagen. Dei som vel dette tilbodet vil også få moglegheit til å velje 1-5 dagar med morgonFFO ut i fra behovet de skulle ha.

LINK TIL PÅMELDINGSSKJEMA (for kortdagsprosjektet tilbudet)

PRISAR:

Ordinært tilbod FFO:Etter skule – 16:30
1 dag2 dagar3 dagar4 dagar5 dagar
1340,-2050,-2540,-3280,-3990-,
Kortdags-prosjektet:ca. 14:45-16:30
1 dag2 dagar3 dagar4 dagar5 dagar
980,-1440,-1700,-2090,-2450,-
Morgon FFO:
1 dag2 dagar3 dagar4 dagar5 dagar
200,-400,-600,-800,-1000,-
Del: